Tilbake

Svartedauden.

NORSK ORIGINAL

Svartedauden. Nyss før svartedauden herja so fælt i Norig, var det einstads her nord, at ei finska mødte to born, ein gut og ei gjenta, attmed ei elv. Dei vilde ha henne til å bera seg; men ho laut akta seg for å gå der det fanst grofte og kvannrot. Gjorde ho det dei bad om, so sku ho sleppa undan svartedauden. Ho tok dei då på ryggen og bar dei fram til neraste gard. Dit var det nokso lang veg, og finska var reint utmasa, då ho nådde fram. Dei fekk hus på garden natte over. Folka på garden koka graut tilkvelds, og dei åt or same fatet. Då dei sku til å eta fekk gardsfolket ved eit høve høyra at borna snakka seg imillom, at vilde det eine legja seg i fotbreidden til kjerringe, so sku det andre legja seg i fotbreidden til mannen. Då mann og kona høyrde det skyna dei kva gjester dei ha, og dei vart so skremd, at dei sette eld på husa. Då stua brann fekk dei høyra det vart slik barnegråt. Men dei to husbondsfolka var nere på å svelta ihel, då dei ikkje turde eta. Det eine barnet finnska bar ha ein soplime, det andre ha ei riva. Og ho høyrde dei sa seg imillom, at den eine sku raka føre og den andre sopa etter, so reint sku dei gjera det. Folk trudde dei to borna var svartedauden sjølv.
Informasjonom sagnet og kilden