Tilbake
Sitering
Kort referanse
Smaagjenta som vart trollkjerring. Norske sagn, ID 53797. https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=53797
Utvidet referanse
Smaagjenta som vart trollkjerring. Norske sagn, ID 53797. ML category: ml3035 (Trollkjerringdattera). Collector: Sigurd Nergaard. Place: Åmot. County: Hedmark. Archive signature: NFL 11, s 164f. Digital source: https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=53797 Explorer record: https://ul-dhc.github.io/norwegian-folk-legends/legends/53797/
Smaagjenta som vart trollkjerring
NORSK ORIGINAL
Smaagjenta som vart trollkjerring.
Paa ein gard innanfor (paa Heidmarka) kom det eit tater-
fylgje og vilde faa laana husa ein kveld; men mannen paa
garden vilde ikkje vita noko taa deim, og sa dei skulde dra seg.
Daa gjorde dei ein diger ring millom husa ute paa garden, og
inn i den ringen mana dei ein heil brote med orm. Fekk dei
so vera um natta, skulde dei mana burt all denne ormen fraa
garden. Ja daa fekk dei vera. Men mannen tykte det var slike
det var best ein sat uppe og saag etter deim. Daa det leid over
midnatta, stod stotaren upp og hadde upp døra. "Putt, Putt,
aat kjellaren!" sa han, og so flaug det ein svart fugl ut gjenom
døra. So la stotaren seg att
Um morgonen var det stole i kjellaren, og mannen sende
bod paa lensmannen. Han kom og sette fast fantane. No
hadde dei nok fare med mykje vondt dessa folka, for dei vart
dømde fraa livet og aarlata i hel. Men so hadde dei ei smaa-
gjente etter seg, og ho kom aat prestgarden og vart der.
Ein gong fylgde ho presten ut paa gjordet, der karane
dreiv og køyrde, det var 7 hestar i arbeid.
"Trur du eg skal faa alle hestane til aa staa fast, so ingen
taa karane kann faa deim i vegen att?" sa ho aat presten. Ja
det vilde han sjaa. Daa gjekk ho sta og tok litt taa ein flog-
rogn (rogn som har vakse gjenom eit tre) og sette i selepin-
nane. Daa fekk dei ikkje flutt hestane, fyrr ho tok att flog-
rognen.
"Kanskje du kann meir og du?" sa presten.
"Eg kann faa grindstolpen til aa mjølka og eg, um eg vil"
sa gjenta.
"Ja gjer det!"
Ho rende etter ei kakker og ei bytte, bora eit hol i grind-
stolpen med kniven og dreiv ein pinne i holet. Sette so kakkera
under og mjølka pinnen til kakkera vart full, tømde so i bytta
og mjølka i kakkeri att. Men daa slutta ho so braatt.
"No lyt det vera slutt!" sa ho.
"Mjølk meir!" sa presten.
"Ho mjølkar blod kua daa."
"Lat meg sjaa," sa presten.
Og gjenta mjølka paa att, til det kom berre blod. Daa
slutta ho.
"Tek eg no meir, stuper kua."
"Mjølk meir!" sa presten.
Ho til aa mjølka att; men so vart det slutt.
"No er kua daud," sa ho.
Og same eftanen fann dei kua aat ein taa husmennene
daud. Han fekk att ei ku taa presten; men gjenta tok dei og
aarlata i hel.