Tilbake

Ho skulde leva te gullringen fanst att

NORSK ORIGINAL

Ho skulde leva te gullringen fanst att. I unggjentedagane mine levde det i Aurdal ei som heitte Kari Rud. Ho var visst barnefødd i Bagn og var komi tå gjæve folk. Då ho var ung gjente, hadde ho høyrt at når ein kasta noko i frå seg, skulde ein vera fri sjukdom eller liknande vondt te tingen fanst att. Ho Kari tok då tå seg gullringen sin, kasta han på elvi og sa: "E vil leva so lengi som te denne ringen finst att!" Ho hadde det so grust i alle måtar, skjønar me, at ho ikkje vilde skiljast ved denne verdi. Kari vart ogso svært gamal. Eg såg henne då eg tente på Oppei. Då var ho so liti og kruksi som ein liten speunge. Men so vart det ein dag spurt at ein fiskar hadde funne ein gullring i ein fisk han hadde fått. Dei som visste um det ho Kari Rud hadde gjort, meinte sikkert det var gullringen hennar fiskaren hadde funne. Trast etter døydde ho ogso.
Informasjonom sagnet og kilden