Tilbake
Sitering
Kort referanse
Frua på Torget. Norske sagn, ID 53924. https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=53924
Utvidet referanse
Frua på Torget. Norske sagn, ID 53924. ML category: ml7050 (Ringen i fisken (Polykratessagnet)). Informant: M. Salomonsen. Collector: Johan Hveding. Place: Buksnes. County: Nordland. Archive signature: NFL 33, s. 107. Digital source: https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=53924 Explorer record: https://ul-dhc.github.io/norwegian-folk-legends/legends/53924/
Frua på Torget
NORSK ORIGINAL
Frua på Torget.
På Torget på Helgeland budde eingong ei frua som var så
rik at ho hadde sju råjekter som siglde til Bergen. Gull og sylv
hadde ho nøgda av i heimen sin, og alltid var ho stor og byrg
når noko kom på. Eingong tok ho ein ring av fingeren og kasta
i sjøen. "Like umogeleg som det er for meg å finna den ringen
att, like umogeleg er det at eg kann bli fatig," sa ho. Ikkje
lang tid etter kom det ein fiskar og selde kokfisk til frua. Då
dei opna den eine av fiskane, fann dei nett den same ringen
som frua hadde kasta i sjøen.
No gjekk det mange år. Det kom uheld på uheld for frua
og alle hennar sju jekter forliste. All hennar rikdom kvarv,
ho livde sine siste år i den største fatigdom.