Tilbake
Sitering
Kort referanse
SVARTEDAUDEN. Norske sagn, ID 53953. https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=53953
Utvidet referanse
SVARTEDAUDEN. Norske sagn, ID 53953. ML category: ml7090 (Gjenlevende finner hverandre). Collector: Torkell Mauland. Place: Rennesøy. County: Rogaland. Archive signature: NFL 26, 40f. Digital source: https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=53953 Explorer record: https://ul-dhc.github.io/norwegian-folk-legends/legends/53953/
SVARTEDAUDEN
NORSK ORIGINAL
SVARTEDAUDEN.
Det var ein gong fyr lang tid sidan at det kom ein fæl
sjukdom til desse bygderne. Naar han fyrst var komen inn i
ei bygd, daa spreiddest han fort utyver, og daa lagdest den eine
etter den andre, og snart tok folket til aa døy. Det vart so fælt
med lik at dei mest ikkje vanst paa aa grava deim ned etter
kvart.
Paa Rennesøy vert det fortalt at dei gjekk bar paa lik mest
kvar ein saag. Det var endaa ei raad so lengje det var nokon
att i huset som kunde stella med liki; men naar det siste livet
i eit hus døydde, var det ingen som kunde stella med det, og
det vart daa oftast liggjande. Soleis gjekk det til paa mest
kvar garden. Paa resten var det etter berre ein mann i heile
ytresokni. Han hadde set alle folk i huset døy, grannefolki var
døydde, han var aaleine atter; difor var han tung i hugen og
sat lengje heime og grunda paa kva han skulde taka seg fyre.
So ein dag kom han paa at han vilde ut og sjaa um han ikkje
kunde finna folk einkvar staden. Han gjekk lang tid og saag
inkje liv. Endeleg kom han uppaa eit fjell, og daa saag han
røyk or ein skorstein paa Ask eller Heggland. Daa vart han
glad og gjekk heim til gards. Der fann han ei gjenta, og ho
var den einaste som livde att innakleivs. Dei gifte seg sidan
desse tvo. Dei var aaleine paa heile Rennesøyi, so dei hadde
nok til aa liva av alle sine dagar.