Tilbake
Sitering
Kort referanse
Svartedauden. Norske sagn, ID 53970. https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=53970
Utvidet referanse
Svartedauden. Norske sagn, ID 53970. ML category: ml7090 (Gjenlevende finner hverandre). Collector: Sigurd Nergaard. Place: Trysil. County: Hedmark. Archive signature: NFL 3, s. 114f. Digital source: https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=53970 Explorer record: https://ul-dhc.github.io/norwegian-folk-legends/legends/53970/
Svartedauden
NORSK ORIGINAL
Svartedauden.
Fyre svartedauden var det buande folk mange sta'n i Trysil,
der det no er tjukke skogen.
..................
Sume fortel at dei døydde ut alle i bygda, so nær som
ei gjente paa Øvre. Ho levde daa aaleine heile vinteren,
saag ikkje so mykje som ferd etter eit menneskje. Men
so det vart sumaren att kom det ein mann austanfraa. Han
hadde vorte att aaleine der han var, og so hadde han sett utpaa.
Desse to slo seg daa i hop.
Ei anna segn fortel det at daa svartedauden hadde fare over
Trysil, samla dei seg paa Rypbekkmoen dei folka som var att i
bygda, og daa var det ikkje fleire av deim enn dei hadde rom paa
ei steinhelle utanfor døra. Det hadde vorte att ei gjente der paa
garden. Ho skulde ha vore baade spak og rædd daa dei kom.
Difor kalla dei henne Rypa, og garden fekk namnet Rypbekkmoen.