Tilbake
Sitering
Kort referanse
Svartedauden i Aamot. Norske sagn, ID 54158. https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=54158
Utvidet referanse
Svartedauden i Aamot. Norske sagn, ID 54158. ML category: ml7085 (Pesta og fergemannen). Collector: Sigurd Nergaard. Place: Åmot. County: Hedmark. Archive signature: NFL 3, s. 109. Digital source: https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=54158 Explorer record: https://ul-dhc.github.io/norwegian-folk-legends/legends/54158/
Svartedauden i Aamot
NORSK ORIGINAL
Svartedauden i Aamot.
Daa svartedauden gjekk i Aamot, var det ein mann som gjekk
med ei rive og ein lime. Der han brukte riva vart det att folk; men
brukte han limen og sopte paa ein gard, døydde dei alle saman.
Fyst heldt han seg paa eine sida aat elva; men ein dag gjekk
han ned aat sundet og ropte aat sundmannen, han skulde setja seg
over. Sundmannen visste ikkje kven det var og rodde over etter
han. Daa svartedauden kom ut i baaten med riva og limen for-
stod sundmannen kva det var for ein, og so sa han:
"Ja hadde eg visst det var du, hadde eg full ikkje kome over
etter deg. Men no sparar du full meg, som sette deg over elva."
"Eg kann ikkje lova aa spara deg," sa svartedauden, "men det
kann eg lova, at lyt eg ta deg, so skal du faa ein lett daude."
Og han heldt ord, for med det same dei hadde gaatt tur baa-
ten stupte sundmannen daud.