Tilbake
Sitering
Kort referanse
Svartedauden. Norske sagn, ID 53977. https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=53977
Utvidet referanse
Svartedauden. Norske sagn, ID 53977. ML category: ml7090 (Gjenlevende finner hverandre). Collector: Sigurd Nergaard. Place: Tynset. County: Hedmark. Archive signature: NFL 3, s. 45. Digital source: https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=53977 Explorer record: https://ul-dhc.github.io/norwegian-folk-legends/legends/53977/
Svartedauden
NORSK ORIGINAL
Svartedauden
I sjølve Tyldalen skulde folket ha gaatt med i svartedauden,
so det berre var att ein mann paa Hokstad og ei gjente paa Ols-
berg. Desse bles i lur aat kvarandre kvar dag so det ikkje skulde
vera so audt, for so lenge den eine høyrde den andre fanst det
daa att eit menneskje til i bygda. Men so ein morgon gjenta paa
Olsberg gjekk ut og bles fekk ho ikkje svar. Daa tvila ho for det
stod gale til på Hokstad, og gjekk dit. Der fann ho mannen daud.
Men ho vart ikkje so lenge aaleine like vel. Det kom
nokre folk austanfraa, Ramn og Jerpa, og dei hadde ein vaksen
son. Kvar dei kom ifraa er det ingen som veit; men dei kom um
Nysæteraasen, der dei sat og kvilde, og gjekk so lenger til dei
kvilde att i ein bakke, som enno heiter Jerpvangbakken. Det vart
ein sætervoll der sidan, Jerpvangen. So gjekk dei att, og kom
ned paa Søgarden. Desse slo seg no til i bygda, og guten vart
gift meg gjenta paa Olsberg. Fraa desse ættar so tyldalingen.