Tilbake

Uten tittel

NORSK ORIGINAL

Då Svartedauen kom til Nordfjord, såg folk han som ein mann og ei kone. Mannen hadde rive, og kjerringa "sovl". På dei gardane der mannen brukte riva si, kom det til å leve folk igjen. Men der kona brukte sopa, der døydde alle. - I Stryn tok sotta livet av heile bygda. Den einaste som levde etter, var ei gjente på Stauri, som heit- te Siri. (Namnet Siri har fylgt Stauri-garden seinare.) - I Hornindalen var det óg berre eit einaste menneske som levde att etter Svartedauen. Det skulle vere ein gut, og han heitte Jon. Han tykte nok at det var uhugleg å verte verande i Hornindalen åleine. Og ein dag tok han ut på leiting, for å sjå um det ikkje skulle finnast folk i nabo- bygdene. Då han kom upp på fjellet Gullkoppen og kunne sjå ned i Stryn, såg han røyk i pipa på Stauri. Han var ikkje sein um å kome seg ned dit. Men då han var komen inn på garden, kunne han ikkje skjøne kven det var som hadde kveikt eld: det var ikkje eit liv å sjå nokon stad. Det gjekk ei tid før han vart var ei ung gjente som hadde gøymt seg under ein bryggjeså. Det var ho Siri. Ho hadde vorte folkesky, avdi ho hadde vore så lenge åleine. Men sistpå vart dei nok vener og vel forlikte likevel. Og segna fortel at folket i Stryn ættar frå desse to - Siri og Jon på Stauri.
Informasjonom sagnet og kilden