Tilbake

Uten tittel

NORSK ORIGINAL

Fyste kyrkja i Vingelen skulde ha vore stavkyrkje. Det hadde vore sterk strid um kvar ho skulde staa. Sume vilde ha henne austi, mykje lenger aust enn der ho no staar, og vestbøndene vilde ha henne lenger vest. Endeleg vart det til det at austgardane fekk sitt fram, og tømmeret vart framkøyrt og lagt austi. Men so ei natt fyre dei skulde til aa tømra, var alt tømmeret flutt, og so vart det so dei bygde kyrkje der tømmeret var. Det skulde ha vore tuft- kallane som hadde flutt tømmeret um natta.
Informasjonom sagnet og kilden