Tilbake
Sitering
Kort referanse
Tytlands-fruo. Norske sagn, ID 53921. https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=53921
Utvidet referanse
Tytlands-fruo. Norske sagn, ID 53921. ML category: ml7050 (Ringen i fisken (Polykratessagnet)). Collector: Torkell Mauland. Place: Hjelmeland. County: Rogaland. Archive signature: NFL 26, s. 115ff. Digital source: https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=53921 Explorer record: https://ul-dhc.github.io/norwegian-folk-legends/legends/53921/
Tytlands-fruo
NORSK ORIGINAL
Tytlands-fruo.
Elen Sofia heitte ho og var dotter til den rike presten Mor-
sing paa Hjelmeland. Ho budde paa Tytland og var so rik
at det var ingen ende paa rikdomen; ho aatte heile Vorme-
dalen i Hjelmeland og dertil 12 laupar i Suldal.
[...]
Tytlands-fruo var rik, som sagt er, og dertil stor paa det,
so det ikkje var maate paa. Alt paa garden skulde vera fram-
ifraa gildt. Kyrne skulde vera skinande fine og aldri svarte:
svarte kyr tykte ho var for simpelt.
Ein gong var dei paa veg til kyrkje der innanfraa og fór
paa ein baat som var ovlasta. Det var tiæringen deira Tytland,
og Tytlands-fruo sat attarst i baaten. Ved aararne sat leig-
lendingarne deira fraa Vormedalen. Dei laut møta fram kvar
preikesundag og ro tiæringen. Elles var der andre folk som
hadde fenge lov til aa vera med paa baaten, og fremst i rongi
sat ei fatigkjerring som den tid heldt seg der i grendi. Daa
dei kom eit stykke fram paa Jøsenfjorden, rauk han upp med
eit fælt vêr. Dei som hadde vit paa slike ting, sa at dette gjekk
aldri vel; for dei var ov-ladde; det var visst ikkje onnor raad
en aa kasta ut noko av lasti. "Ja kasta ut framantil," sa Tyt-
lands-fruo; slike fatigfolk var ikkje til noko gagn korso, let ho.
Men daa var det ei kjerring som sat noko framme i baaten,
ho vart harm og meinte paa det at det var gudlaus tale dette,
og ho maatte agta seg; "du er rik no," sa ho; "men me veit
ikkje kva som kann henda fyrr leidi lyktar; enno kann du verta
fatig." Men daa log Tytlands-fruo ein stygg haanslaatt; ho
reiv ein gullring av fingeren, reiste seg upp i baaten og kasta
ringen langt ut paa sjøen. Og so sa ho: "So umogelegt som det
er at eg kann faa att denne ringen, likso umogelegt er det at
eg kann verta fatig."
Ikkje rettare en eg veit, so kom dei fram med heile farmen
og turvte ikkje kasta nokon paa sjøen; men det var ikkje len-
gje etterpaa fyrr han Berge, mannen hennar, døydde. Seinare
vart ho gift med ein annan, og daa tok det snart til aa ganga
til atters med Tytlands-fruo. Ein dag kom ein fiskar til Tyt-
land og baud henne noko fisk. Ho kjøpte fisken, og daa dei
riste han upp, fann dei inni ein av fiskarne den gullringen
som ho hadde hivt paa sjøen. Soleis kom ringen atter, og fa-
tigdomen kom snart, den og; ho vart so fatig som noko menne
kann verta. Ho budde i det seinaste i ei ring hytta ned-ved
sjøen og hadde ingen ting aa hjelpa seg med, anna en ei ku
som folk hadde hjelpt henne til med; men den var svart.