Tilbake
Sitering
Kort referanse
Um Aadlands kyrkja. Norske sagn, ID 53997. https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=53997
Utvidet referanse
Um Aadlands kyrkja. Norske sagn, ID 53997. ML category: ml7060 (Strid om kirketomt, byggematerialer flyttet). Place: Samnanger. County: Hordaland. Archive signature: NFS Kl. X, s. 31. Digital source: https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=53997 Explorer record: https://ul-dhc.github.io/norwegian-folk-legends/legends/53997/
Um Aadlands kyrkja
NORSK ORIGINAL
Um Aadlands kyrkja.
Det er fortalt at i gamle dagar var Aadlandskyrkja liti og myrk.
So skulde dei få seg ei ny, men då vart det ein stor strid um kvar kyrkja skulde standa. Folket på øystre sida av Samnangerfjorden vilde ha kyrkja på Tysse, folket på vestre sida vilde hava ho på Aadland. So vart det avgjort at dei skulde byggja på Tysse, og alt vyrke var komen på staden der kyrkja skulde standa. Då bygningsfolket møtte fram um morgonen og skulde til å byggja, var ikkje vyrkje å sjå.
Då fekk dei greida på at um natti var alt saman flutt til Aadlandsneset. So tok folket til å føra det yver til Tysse att og tok til å byggja, og dei lagde upp nokre stokkar um dagen. Men når dei kom att andre morgonen var det på same måten, alt byggjefang var kome til Aadlands-neset att! Ingen viste kven det var som hadde ført det yver fjorden. Men då tok dei det ikkje der ifrå att. Kyrkja vart bygd på Aadland, der ho stend endå.