Tilbake

Kyrkja

NORSK ORIGINAL

Kyrkja. Fyste kyrkja etter svartedauden vart bygd paa Nesodden, som daa var landfast med Drygholmen. Ho stod ut paa Neset, og innenmed laag Tørgarden og Bakk-garden. Men so tok elva til aa grava so dei laut flytja gardane. I midten av 1700 talet laut dei flytja kyrkja, og so vart det strid um kvar ho skulde staa. Sume vilde berre flytja henne lenger inn paa land, men andre vilde ha henne lenger sør. Tømmeret hadde dei hogge lenger nord og fløytt det med elva og so stengt det med bom der gamlekyrkja stod, for der skulde dei ta det inn. Men ei natt hadde folk vore der og løyst bomen. Tømmeret dreiv utover og slang inn i ei vik ned for Nordby, Kjærkjevika, som ho sidan heiter. So vart det til det, det var høgare makter som hadde vore med, og kyrkja vart bygd der ved Nordby, der tømmeret hadde drive i land.
Informasjonom sagnet og kilden