Tilbake

Grindheim kyrkje

NORSK ORIGINAL

Grindheim kyrkje. Grindheims kyrkje er bygd 1783. Det er ei lita trekyrkje, kross-skipa. Då dei skulde bygge ho, var dei usams um plassen. Øvrebygda vilde ha ho på garden Botnan ved øvre enden av Grindheimsvatnet, medan ytre bygda vilde ha ho på Hårtveit ved Øydnevatnet. Dei vart då samde um å sjå teikn. Ein kross skulde dei finna der ho skulde vera. Han vart sett ned på Botnan. Men den dagen det galdt um, då fann dei han att på Grindheim, og der vart ho verande.
Informasjonom sagnet og kilden