Tilbake

Svenskane på Midjåfjellet

NORSK ORIGINAL

Svenskane på Midjåfjellet. Under svenskekrigen, fortelst det, var det ein heil tropp svenskar, som for utfor dei bratte flåga på vestsida av Midjåfjellet og slog seg ihjel. Troppen kom ifrå Sverik og var vel helst berre komen for å rana inne i Innherrads bygdene. Dei hadde høyrt det skulde vera eit stort brøllop på Midjå i Grong, og var tenkt seg dit. Dei kom over Li og for fjellane for å taka snarvegen. Uppe på Midjåfjellet budde det nett det leite ein finn. Han budde på ein stad dei kalla Midjåseter. Han hadde ei kota der, som han helt til i sume tider av året. Vegen frå Midjåseter ned til bygda i Grong er nokså bratt og ulendt, og det såg svenskane. Dei vilde difor ha finnen til los. Finnen var ikkje mykje huga på det, men svenskane var mange, og når dei kravde, at han var med dei og viste veg, så var det ingen annan ting for honom å gjera enn lova det. Elles hadde han vorte slege ihjel. Men vart han tvinga til å losa dei, så var han meint på å losa dei deretter og. Først hefta han dei med prat og alle slags førebuingar til ferda. Og då dei nøydde på honom for å få honom til å verta ferdig, så dei fekk taka til på ferda att, så sa finnen, at det var best dei kvilde godt til dei kom til brølupsgarden. Det beste dei kunde gjera, sa han, det var dei no kvilde der hos honom til det vart skymt, det var vanleg dei byrja legja i brureskåla bruregåvone etter det var mørkt vorten, og då vilde det vera rette tida for dei å koma, um dei vilde gjera nokon fangst. Dette tykte svenskane høyrdest truleg ut, og dei gav seg over hos honom utover dagen, og finnen var ikkje på det mest skundsom då kvelden kom heller, så det var aldeles mørkt vorten før dei tok på ferd frå Midjåseteren. Det var vinter og snø, og alle hadde skione på. Finnen rendte føre og hadde ei tyrispik i handa for at dei andre skulde sjå kvar han for. Finnen var godt kjent, og endå det var mørkt vegleidde han seg godt. Men han var meint på å gjera svenskane eit spik. For han var ikkje meire glad i svenskane han enn dei fastbuande. I Midjåfjellet i skråningane mot Grong er der sume stader bratte hengjeflåg med svere steinurder nedanfor. Finnen sette leida beint mot eit sovore hengjeflåg. Svenskane, som ikkje ottast svik og ikkje ana nokon fåre, rendte alle etter der finnen for føre og heldt den same skidyrja. Føret var fint, og då det byrja halda undan bakke, så vart det god glid på ondrane. Finnen lett det berre stå til beint imot flåget, men i sidste liten kasta han seg tilsides, fekk tak i ei bjørk so han ikkje for utfor flåget. Men den brennande tyrifaklen kasta han rett utfor, så for svenskane såg det ut som um dei framleis hadde finnen rendane framanfor seg. Dei tykte nok farten var stor, men dei leit på finnen var kjent og lett det stå til. Berre sidste svensken byrja ane uråd, han fekk sjå finnen hang der etter bjørka, og då han ikkje sjølv greidde bremse seg upp, så var han meint på å taka finen med seg utfor stupet. Men til all heppe for finnen fekk ikkje svensken tak i honom før han rausa utfor flåget. Og alle svenskane slog seg ihjel mot ura nedanfor flåget. Då svenskane var farne utfor flåget, kravla finnen seg uppatt, tok ein lang umveg, og kom ned til brøllupegarden. Her fortalde han kva som hadde gått for seg burte i fjellet. Brøllups[folket] vilde først ikkje tru det var sandt det finnen fortalde. Dei tok honom difor tilfange og han vart lova hard straff, um det var så han for og laug for dei. Finnen svara dei kunde berre gå og sjå etter, dei vilde finna svenskane uppe i urda. Dei gjekk då og såg etter. Og rett nok, uppe i urda låg dei ihjelslegne svenskane. Finnen vart då strakst sett på frifot og fekk beløning attpå. Dei tok sidan og sette ein nagle i eit bord for kvar svenske, som vart drepen ved denne hendinga. Det segjast, at vart slege inn i bordet ein jarnnagle for kvar menig svenske og ein koparnagle for kvar offiser, som der fann dauden. Dette bordet er enno å sjå på Midjå i Grong. Forteljaren har sjølv sett det og tald naglane. Det var ialt innslege 314 naglar, men kor mange, som var av jarn, og kor mange som var av kopar, kan ikkje forteljaren minnest no.
Informasjonom sagnet og kilden