Tilbake

Kvams-mannen låg ute i krig til han vart ukjenst heime

NORSK ORIGINAL

Kvams-mannen låg ute i krig til han vart ukjenst heime. I dansketidi var det ofte krig. Mange frå bygdi her låg ute både vel og lenge. Ein gift mann tå Kvame låg soleis i Dan- mark eller kvar det no var, i lange tider. Til slutt hadde han vore burte so lenge at ingen trudde han var liv lage meir. Kjer- ringi hans gifte seg då oppatt. Ein jole-eftan kom det ein framandkar til gards. Han bad om hus. Det fekk han. Då det bar til bords um kvelden, vart framandkaren, som ein annan rekarfant, sett på etre bordenden, rett mot høgsætet, der sjølvefolki sat. Då det bar til syngje bordverset, sette framandkaren i å syngje. Kjerringi totte skilleg ho hadde høyrt dette målet før. Ho tok til å dra kjensel på rette mannen sin og vart, som ven- tande var, både raud og bleik. Men det kunde vel ikkje vera råd! No la ho mark på at han såg so rart på henne der han sat rett i mot. Det var so mykje som minte um mannen hennar. Då det leid på, sa framandkaren kvar lykelen til roskåpet låg. Dei leitte og fann som sagt var. Då skjønte alle kven som var komen i huset. Um han no fekk att husbondsretten, gat ikkje søga.
Informasjonom sagnet og kilden