Tilbake
Sitering
Kort referanse
Russevika. Norske sagn, ID 54041. https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=54041
Utvidet referanse
Russevika. Norske sagn, ID 54041. ML category: ml8000 (Utfor stupet). Collector: Johan Hveding. Place: Finnmark. County: Finnmark. Archive signature: NFL 53, s. 67f. Digital source: https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=54041 Explorer record: https://ul-dhc.github.io/norwegian-folk-legends/legends/54041/
Russevika.
NORSK ORIGINAL
Russevika.
Eit stykke ute i Tanafjorden mellom Gamvik og Finnkongkeila ligg Russevika. Fjella der ute er bratte og nakne og stuper beint ned i fjæra. Det er audt og snaut over alt. Ei gamal segn fortel at denne vika fekk namnet sitt på ein underleg måte. Eit stykke frå Gamvik budde det eingong ein fatig finn, fortel segna. Den vesle gammen hans låg på ei bakkehøgd nede ved sjøen og var liten og versliten. Finnen livde for det meste av fiske; men ofte var det vondt nok å skaffa seg livemåten. Nyst hadde han vore i Finnkongkeila og fått noko mat hos handelsmannen. Det var ein myrk vinterkveld. Snøstormen ylte og suste om den vesle gammen; men finnen sat velnøgd inne ved åren og gledde seg over den maten han hadde fått til huset. Med eitt høyrde han eit underleg tråkk utfyre døra. Ikkje lenge etter kom det tri svarte russar inn. Dei gjekk fram til bordet og sette seg. Dei vilde ha mat, sa dei. Finnen hadde høyrt om kor fælt russane for fram i Finnmark, så han var ikkje huga å gje dei av den litle maten sin. Dei gjekk då og tok den maten finnen hadde og åt seg godt mette. Resten av maten stakk dei i skreppane sine. Dei spurde då finnen om han vilde syna deim vegen til Finnkongkeila om kvelden. Det var finnen ikkje huga på. «Det er ville fjellet over, og no er det uver og myrkt og svart,» sa finnen. «Om du syner oss vegen, så kostar det deg ikkje meir enn livet, og om du ikkje vil syna oss vegen, så kostar det like mykje,» sa russane. Då vart finnen arg og budde seg til ferda. Han tok med seg eit snørenysta, og batt snøret kring livet på russane med høvelege mellomrom. Dei laut gjera såleis, skulde dei ikkje koma bort frå kvarandre så myrkt som det var, sa finnen. Han tok sjølv nysta og gjekk fyre. Stormen gav seg no; men det snøa tett. Det gjekk fort oppetter fjellsida, og snart var dei oppe på høgfjellet. Her bles det hardt, og dei såg ingen ting i kring seg, berre svarte natta. Med eitt stogga finnen attmed ein stor stein. Nokre meter bort om, gjekk fjellet stupbratt ned i vika, det visste han. Finnen bad russane halda seg rolege attmed steinen. Han skulde gå føre og leita veg. Når han rykte i snøret, kunde dei berre koma etter. Så gjekk han ned over heilt frampå fjellpynten. No drog han i snøret eit par sterke drag, så lista han seg nokre steg til side. Han høyrde ei lett susing frammed seg, det var første russen, så ei susing til, og så enno ei; så var det ikkje meir. Berre stormen ylte framleis oppå fjellet. No tok finnen beinvegen til Finnkongkeila. Der fortalte han hendinga. Folket der vart glade. Dei gav finnen rikeleg med mat att for det han hadde mist, og takka han vel. - Etter den hendinga har vika fått namnet Russevika.