Tilbake

Vardøyhus.

NORSK ORIGINAL

Vardøyhus. I lange og harde tider var Vardøyhus festning ei folketrøyst for heile Finnmarka. I vinterkveldane fortalde dei gamle om dei tjukke murane, dei djupe kjellarane og dei store kanonane som festninga hadde. Om ein kanon gjekk det eit vers som ofte vart herma i heimane: Lange Maren er mitt namn, fire fjerdingar er min visse gang. Spar meg ikkje krut, så ber eg fem fjerdingar fram. Etter ei slik utsegn kjende mang ei redd sjel seg tryggja og trøysta. Det var karelane som mest herja i den tid. Dei budde aust med Kola, og hadde no trengt seg ned til sjøen der. I lang tid kom dei både sjøvegen og landevegen og herja på Finnmarka. Stod nordmennene i mot, så vart dei ihelslegne, og sette dei seg ikkje til motverje, så var det mesta like gale det og. Røvarane herja og rana alt dei kunde føra eller få med seg. Her skal de høyra [ ] om korleis Vardøy vart berga frå karelane på ein forunderleg måte. [ ] Det var eit år, seint om hausten, at det kom to russeskip seglande opp på hamnen i Kiberg. Kiberg ligg på fastlandet ikkje rett langt i frå Vardøy. Det var myrkt, så ingen på Vardøyhus, korkje vakta eller dei andre, hadde lagt noko merke til skipa. Og sidan det var så myrkt, så greidde karelane å stela seg i land i ei lita vik som låg i løynd av Kibergneset. Her i denne vika, budde det ein gamal einbu. Han livde av dei små gåvene som folket gav han. Elles dyrka han sin Gud og hjelpte folket i sjukdom og naud. Einbuen låg og sov om natta, då karelane kom og skræmde han. Han skulde syna dei vegen til Svartnes, sa dei. Svartnes er ein stad beint i mot Vardøyhus festning. Då det gjekk opp for einbuen kva det var som heldt på å henda, riste han berre på hovudet og sa: «Nei.» Men karelhovdingen eller atamanen, som dei kallar han, gav seg ikkje med saka så lett prøvd. Han tok opp nokre gullrublar og baud einbuen. «Dei har eg ikkje bruk for; eg er rik nok,» svara han berre. «Då kan det henda du får lite bruk for andre ting og,» sa atamanen. «No gjer du som vi seier! Du skal gå med oss!» Einbuen skyna at her var berre ein veg å velja. Han laut gå med deim. - For å koma fram til Svartnes, laut dei gå over det høge fjellet Domen. Det er ikkje komande frammed sjøen, for Domen går stupbratt ned i havet. Einbuen gjekk fyre. Han bar ein kveikt kyndel i handa. Då han gjekk framover fjellet, tenkte han på denne ferda. Kva var det som vilde henda? «Nei, eg svik ikkje folket mitt,» sa han med seg sjølv. «Eg er gamal og utlivd snart. No får alt stå til.» - Så snudde han seg mot karelane og sa: «Ja, no vert det bratt å gå ned her; men de ser no kyndelen min.» Det var myrkt som i ein belg. Han gjekk nærare frampå stupet, heldt kyndelen godt ut ifrå seg, og kasta han roleg utfyre. Så svinga han seg til side, men fall nedover eit flåg og nokre steinar. Karelane, som ikkje var kjende, hadde berre kyndelen å retta seg etter. Dei gjekk alle utfyre stupet. Der fann folket deim seinare, knuste og krasa nede i urdane. Einbuen drog seg så vidt til folk. Der anda han ut. Han hadde slege seg så stygt at det var ikkje meir att av livet hans. Men Vardøy by kunde sova ei natt tryggare.
Informasjonom sagnet og kilden