Tilbake
Sitering
Kort referanse
Svenskehopen i Mannfjorden. Norske sagn, ID 54045. https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=54045
Utvidet referanse
Svenskehopen i Mannfjorden. Norske sagn, ID 54045. ML category: ml8000 (Utfor stupet). Collector: Johan Hveding. Place: Tysfjord. County: Nordland. Archive signature: NFL 33, s. 82f. Digital source: https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=54045 Explorer record: https://ul-dhc.github.io/norwegian-folk-legends/legends/54045/
Svenskehopen i Mannfjorden
NORSK ORIGINAL
Svenskehopen i Mannfjorden.
Det var eit år tett fyre jol at det kom ein hop svenskar og
skulde herja i Tysfjorden. Uppe i fjellet møtte dei ein finn som
nett var ute på joleveiding. Honom tvinga dei til å vera los
nedetter fjella. Sjølv var svenskane ikkje kjende til å finna ned
til grenda. Alle gjekk på ski. Finnen skyna kva folk han hadde
fått med å gjera. Han loste då hopen midt etter høgfjellet mil-
lom Mannfjorden og Grunnfjorden. Ytst ute på den landtunga
ligg det ein tind som no heiter Svensktinden. Frå tinden - og
den fjellaksla som er attmed - er det eit bratt flog som er fleire
hundrad meter høgt. Det går stupt ned i store urdar eller like
ned i sjøen.
Det var myrkt um jolaftan, då finnen kom frampå høgfjellet.
Der tende han tyribundten sin og samla svenskane i kring seg.
"No skal de berre renna etter lyset frå tyribundten!" sa finnen.
"Her går no bakken beint ned på sletta. No renner eg fyre." Så
sette finnen i veg med tyribundten i handa. Heile svenskehopen
kom etter. Finnen var grunnkjent i lendet. Då han kom just
frampå floget, hiva han tyribundten framfyre seg og svinga
sjølv undan alt med han vann. Alle svenskane sette utover,
stupte nedetter floget og vart knasa.
Finnen tok vegen attende innover fjella og kom til Mann-
fjordbotn um jolemorgon. Folket sat just med jolebordet då fin-
nen kom inn og helsa. Han vart ståande med døra. "Lukka med
jula!" sa heimefolket. Då lyfte finnen byrsa si og skaut eit skot
over hovudet på dei som sat med bordet. Folket spratt upp. Kva
stod på? "Nærare dauden enn dette har de alle vore i natt,"
sa finnen. Så fortalde han kva som hadde hendt.
I urdane under Svensketinden er det enno mannebein å finna.