Tilbake
Sitering
Kort referanse
Russefjellet. Norske sagn, ID 54048. https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=54048
Utvidet referanse
Russefjellet. Norske sagn, ID 54048. ML category: ml8000 (Utfor stupet). Collector: Johan Hveding. Place: Troms. County: Troms. Archive signature: NFL 53, s. 66f. Digital source: https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=54048 Explorer record: https://ul-dhc.github.io/norwegian-folk-legends/legends/54048/
Russefjellet
NORSK ORIGINAL
Russefjellet.
Eg var berre småguten då bestefar fortalde om hendingar i
gamle dagar. Han fortalde ofte om då russane kom til Nordreisa.
Dei kom ned øvst i Reisdalen fortalde han. Ein gong kom
det ein flokk på tolv mann i lag. Langt hår og skjegg
hadde dei, og fæle og fillute var dei å sjå til. Oppe i dalen
gjekk det villt for seg. Bønder vart drepne, kvinner skjemde og
gardar nedbrende. På ein gard var det berre ein fjortanårs gut
som kom seg undan. Røvarane var godt væpna, og pågangs-
motet vanta ikkje. Bøndene hadde ikkje våpen. Det var ikkje
anna enn øksar og staurar å verja seg med. Motet var heller
ikkje stort hos bøndene, få og arme som dei kjende seg. To av
røvarane vart likevel drepne øvst i bygda. No hadde tienda om
røvarhopen nådd til gardane i kring. Nede i dalen budde ung-
domen seg til å ta imot dei. Sverd og spjot og øksar med lange
skaft hadde bøndene laga seg sjølv. Ikkje var dei lenger så få
mann heller, så dei hadde betre von for å greia seg.
Russane hadde no vore i bygda frå om sumaren til seinhaustes.
På ein eller annan måten hadde dei fått nysn i at folket hadde
budd seg på å møta dei, og no vilde dei til ei anna bygd. Ei
natt fanga dei ein finnegut som var i teltet sitt. Han vilde dei
tvinga til å føra flokken over til Kvænangen. Nettene var svarte
no, og vegar fanst ikkje. Det røynde på å vera kjend. Finne-
guten var ein slu kar. Han hadde fare mykje der på fjellet, så
han kjende kvar stein og kvar stig. Etter det la han sin plan.
Han vilde føra flokken til Storvik, ei mils veg frå Nordreisa.
Han tok ein kyndel med, så han kunde lysa for dei der det mest
galdt. Han hadde både sitt og deira liv i si hand. - Dei var
komne opp på fjellet, og dei kunde av og til timja lysa nede frå
Storvik. Det var lett å koma ned her; men finneguten sa at det
var 'kje framkomande den vegen i slikt myrkre; dei måtte freista
på ein annan kant. Så førde han dei mot eit stupbratt flåg,
som er på lag to hundra meter høgt. Inn over vidda bar det,
Dei hadde alle ski. No var dei komne rett over flåget.
Fyrst var det ein stutt bakke nedover, så vart det ein liten
pall nokre famner brei, og så var det stupet. Finneguten kveikte
kyndelen sin og lyste innover flokken om alle var der. Jau, dei
var ti mann. "No får de koma etter!" sa han og sette i veg med
kyndelen i handa beint i mot flåget. Så hoppa han på pallen,
svinga og kasta seg ned. Russane kom etter ein for ein.
I urdane nedunder fann dei sidan ti daude kroppar, knuste
og krasa. Og fjellet ovanfyre vart etter denne hendinga kalla
Russefjellet.