Tilbake

Russeluft

NORSK ORIGINAL

Russeluft. I gamle dagar, då russane fór på herjingsferd gjennom Finn- marka, rana dei til seg alt dei vann å få med seg til heimlandet sitt. Inne i fjordbotnane kunde nordmennene aldri vera trygge. Ein vinter kom ein flokk russar over fjellet og skulde ned i Alta. Folk visste at det var mat dei serleg låg etter. Slike karar kjøpte alltid billeg. Dei betalte med slag og mord. Fann dei pengar eller sylvsaker i huset, så gjekk dei med på kjøpet. Alle russane som kom denne gongen, var på ski. På fjellet råka dei ein nordmann som var godt kjend i Alta. Han tvinga dei til å syna deim vegen ned til fjorden. Nordmannen laut gå fyre. I staden for å gå beint ned til grenda, så førde han flokken til ein stad der fjella går stupbratte ned mot ei vik. Nordmannen sette nedover mot flåga og russane etter. Men då nordmannen kom fram i mot stupa, gjorde han ein bråsving og slengde seg ned attom ei stor steinblokk. Russane trudde vegvisaren var framom, og berre rende fram. Farta var så god at det var uråd å stansa. Stupet var fælande høgt, og ei stor steinurd var det nedunder. Russane sette alle utfyre, og slo seg i hel alle saman. Folket i Alta var berga for plyndringane for denne gongen. - Denne hendinga greip folket sterkt, og garden der dette hende, vart kalla Russeluft. Namnet ber han den dag i dag. Gamle folk kan enno minnast at det fanst mannebein der i urdane.
Informasjonom sagnet og kilden