Tilbake
Sitering
Kort referanse
Tilli-tove. Norske sagn, ID 54056. https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=54056
Utvidet referanse
Tilli-tove. Norske sagn, ID 54056. ML category: ml8025 (Røvere på setra ("Till, till Tove")). Collector: Moltke Moe. Place: Meldal. County: Sør-Trøndelag. Archive signature: NFS Moltke Moe 100, s. 45ff. Digital source: https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=54056 Explorer record: https://ul-dhc.github.io/norwegian-folk-legends/legends/54056/
Tilli-tove.
NORSK ORIGINAL
Tilli-tove.
På nørre sida åt Orklaelvi ligg garden Hoel i Middala. Fyr mange, mange år sidan drog budeja, Sigrid, på Hoel ejn morgon tidleg ut med buskapen fyr å bejte, og nautsvejnen og bubunden var med; sjøl
bar ho luren med seg som vanleg. Uppi skoga vart dej brått kringset av 12 gustne røvarar. Dej hadde kvar sit sverd og for fram som galne, stakk ihel storoksen, rundjulat jetarguten og hengte hunden up i ejt tre. So bat dej bjøllkua fast atåt ejt tre, fyr at ikkje buskapen skull koma hejm og oroa nokon.
No tok dej Sigrid og guten med seg og lagde avstad utyver åt Ryåndala utpå marki. "Nå, kara, lyt os skund os, ska os lig utmed høylua uti Nuttudala inatt" sa ejn tå rovmennom, som tyktest vera hovding. So byrja dej godsnakkast med Sigrid. Ho skul ikkje vera rædd; dej villa ikkje gjera ho nokot vont, var det likt seg. Dej villa no ikkje fara lenger millom fjellom på rovferd, men rejs åt utlande; dit skul ho få fylgja dej, og der skul dei bli nokot te kara, sa dej. Sigrid laut bere lata som ingjen ting, og då dej var komet ejt stykje, sa ho: Eg ska då no fyrlate Middalen og ikkje mejr sjå desse kjære stader; difyre må eg få løyve te å blåse på luren ejn avskjelslott åt hejmbygdi." Detta hadde dej ikkji nokot imot, tykte kanskje helder det var bra, at dej hejma fek høyra luren ljoma som vanlegt. Dej var på ejn liten haug, og Sigrid let ti luren fylgjande vers:
"Tilli-tilli tove!
Tolv mann i skove,
tolv kara er dom,
tolv svære ber dom.
Storoksen stakk dom,
bjøllkua batt dom,
buhund' hengt' dom,
nautsven dengt dom. -
Og meg vil dom lokk utå landa,
som ingen sko har på fota!"
Ho stanad og drog pusten, og so let ho:
"Å kjære Halvar, bror min!
skund deg og hast deg; -
dom vil meg forraske!
Langt uti Nuttudala,
der utmed ej høylu
vil dom ligga inatt".
Haugen der Sigrid bles detta på luren, synast enno og kallast deretter "Blæstret".
Hejma gjore dig båd' høyrde og fyrstod, kvat Sigrids lursong hadde på seg, fyr dej var ikkje so rejnt ovand med røvarar den tidi, og Halvard sankad i ejn snøggvending nokre bøndar vepnad med boga og langspjot og sette etter røvarherket. Dej kom fyst åt bjøllkua, den daude oksen og uphengde honden. Røvarhopen nådde dej på ej engsletta kallast Sandøya i Ryåndala; der hadde dej stanad attmed ej høylu fyr å kvila og eta. Sigrid stod tett atmed på ejn flekk kallast Sigridslette.
Halvard og bøndarne smaug seg stilt fram og kringsette røvarhopen. På ejt tekn av Halvard flaug ej skur med pila fram frå buskom rundt ikring, so mange vart sårat og fleire stupat daud trast, segjast det. No slog bøndarne laus med ejt villt hemnskrik og strøymde fram med langspjoti, røvararne vart fyrbinad, prøva koma burt, men vart ihelstungne av bøndarne so nere som ejn, som var snarføtt og kom seg unda; men denna stanad, då han var komet ejt stykje, og trugat åt Sigrid: "Du Sigrid, Du ska få betale detta; eg ska no liva berre fyr å få drepet Deg!" - Men Sigrid vart so skræmd av alt detta, at ho ikkje var rigti sia, og ho torde alder ganga nokon stad ålejne mejr.
Sud fyr Ryåndsjø er tri stader, som endå heve namn etter røvardråpet; det er Endrelia og Johusholtet etter røvarne Endre og John, som der vart ihelstungne og Sokendalslia etter nokre, som var sokendalingar. Dej 11 røvararne grov dej ned i ein haug atmed Sandøya, som kallast Røvarhaugen; den er no skogvoksen, og kløvvegen ligg yver honom. - Dej tvo, Endre og John, må hava voret kjend av bøndarne, kanskje var dej middalingar og. Kvat tid detta hendat, vejt ikkje segni no mejr um; men at det er lang tid sia kann me vita av, at dej ikkje hadde byrsjor, då songen bere nemner tolv sverd.