Tilbake
Sitering
Kort referanse
Norske sagn, ID 54060. https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=54060
Utvidet referanse
Norske sagn, ID 54060. ML category: ml8025 (Røvere på setra ("Till, till Tove")). Collector: Olav Nordbø. Place: Bø. County: Telemark. Archive signature: NFL 85, s. 38. Digital source: https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=54060 Explorer record: https://ul-dhc.github.io/norwegian-folk-legends/legends/54060/
Uten tittel
NORSK ORIGINAL
Ei kone fortel: Mor va så go te blåse på prillarlur. Folk kom ensles heim fær å høre ho bles. Dæ let så fint. Ho va frå Kjillingdokk å hette Margit å ho hadde prillaren mæ seg heimate. Ho bruka 'n i skog å fjell når ho gjætte, å ho lokka kuene heim så mang ein gang; dom hørde han så langt å lytt. Dæ va ein ljopinne i enden som på ei fløyte; så bles ho i den enden. Så va dæ 6 ljohol, men dæ som va nest ljopi'n bruka ho ikkje, men dei andre fingra ho på. Han va a blekk. Ho bles i breiaste enden. Folk sto ofte å lydde når ho bles. Dæ let så vent.
Ho fortalde om ei som brende opp nokka tjuvar å taterar. Dom kom te ho på stulen ein heil flokk å truga seg te alt dæ beste der va. Dom slakta ein stor stut au. Så gjore ho opp ein stor stokkell å sae ho ville koke spa fær dom. Ho hengde på ein kjele mæ lut au.
Da dom hadde ete, blei dom dovne å sovna ve varmen. Da øste ho kokane lut over dom å brende dom opp. -- Så prilla ho heim :
«----
Tolv mann va de,
tolv mann tala te.
Slepp ut Drive,
så heile fantebråkja fær rivas.
Halvor har dei ihelslege å meg vi dei ha!»
Så kom heimefolket da.