Tilbake

Røvarar på Dugurdsmålnatten

NORSK ORIGINAL

Røvarar på Dugurdsmålnatten. I riktig gammal tid var det nokon slavar eller røvarar som hadde rømt frå øvrigheta og hadde sli'i sei ned oppi Dugurdsmålsnatten. I denna natten er det ei skorte oppå, ved toppen. I denne skorta var det døm høldt til. Døm hadde enda bygd opp ein steingard framom. Denna steingarden kan ein sjå enda. Det var ei tenestgjente på Narum. Ho var med buskapen på setra. Ein dag ho gikk og gjætte, kom ho ut for dessa rømlingane. Døm la til å øylegge buskapen for ho. Uksen drap døm, buhunden gjorde døm ende på, hennar vilde døm vøldtaka. Ho vart dri'i med like til skorta, og slapp ikkje nedatt. Ein dag kom ho sei fram på ein ås og tuta i luren ned til bygda: "Til, til Tove, tolv mann i skogen, tolv mann era dei, og tolv sverd bera dei, storestuten stinga dei, bjellekua binda dei, hundan' henga dei, gjeslebåna denga dei, mei vil dei vøldtaka." "Hå er det du seier?" sa røvarane. Da la ho til å nemne nokon krøtternamn: "Dingrei og Dangrei, Marikøll og Fagrei rauta langt oppi skogen, vilde heimatt." Følk hørte ho nedi gardane og kom oppover, mange karar kom. Då røvarane fekk sjå hå mange det kom, fata den eine om gjenta og la til nedover mot tjennet. Han tenkte sei til å drukne ho. Men så gauv førklæbandet han hadde fått tak i, og gjenta berga sei. Karane tok alle røvarane, men gjenta fekk ein liten etterpå. Denna segna blir fortalt på ein annan måte og: Da gjenta hadde blitt ti'i med til skorta, tok røvarane og sendte ho til bygdars etter brennevin. Men ho måtte lova at ho ikkje skulde sei' noko til følk om døm. Ho høldt ord. Ho kom til bygda og heim til Narum, der ho tente. Der stelte ho sei til å snakke til peisstytta om håssen ho var kømmi borti det. Følk hørte hå ho sa. Døm bad ho å ta med sei brennevin til røvarane. Ho fekk med sei så mykje at døm kunde bli fulle. Ho fyllte døm op så døm somna alle. Da kom karane tor bygda fram og skulde ta døm. Men den eine røvaren vakna og flaug opp. Han fata gjenta om livet og vilde til tjennet med ho. Men så rauk forklæbandet, og gjenta vart berga.
Informasjonom sagnet og kilden