Tilbake
Sitering
Kort referanse
Telli Toven. Norske sagn, ID 54069. https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=54069
Utvidet referanse
Telli Toven. Norske sagn, ID 54069. ML category: ml8025 (Røvere på setra ("Till, till Tove")). Collector: Anton Røstad. Place: Verdal. County: Nord-Trøndelag. Archive signature: NFL 25, 2. 145f. Digital source: https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=54069 Explorer record: https://ul-dhc.github.io/norwegian-folk-legends/legends/54069/
Telli Toven
NORSK ORIGINAL
Telli Toven.
Det var ei gjente som var fjelltaus inne på ein seter. Ho var trulova med ein gut som heitte Telli Tove. Det var i den tida då det for so mykje røvarar, at det var fårleg å liggja i fjellet, og so vart denne gjenta samd med kjærasten sin um at ho skulde blåsa på lur og fortelja det, i fall det kom røvarar.
Og røvarane kom og ja, og mykje gale gjorde dei. Men fjelltausa stal seg ut og fekk tak i luren. So gjekk ho ut på haugen og spela på luren so det høyrdes heilt ned i bygda. Det var i den tida dei kunde tala i luren, og so spela ho dette:
Telli Telli Toven –
Toll mann i skogen.
Bjellkua batt dei,
storuksen stakk dei,
gjætarborna dengde dei,
buhunden hengde dei,
og geitra jåggå dei langt upp i dalafjella.
Ein annan stad var songen slik:
Telli Telli Tove.
Toll mann i skove.
Toll karra va dem,
toll sverde bar dem,
storoksen stakk dem,
bjellkua batt dem,
buho'nn hengt dem,
nautsvei'n dengt dem,
og mæ villa dem lo'kk uttu lanni,
som ingen sko ha på fotåm.
Der burtme Uttudal,
Der burtme'n Høylo,
Der villa dem liggi i natt.