Tilbake

Uten tittel

NORSK ORIGINAL

Han Per hadde løyst Styggen ein gong, og visste ikkje si arme rå' korleis han skulle få bunde han att. Det var i eit lag på nistun Rindal detta hende. Han hadde nok havt med seg ei svartbok, og så hadde vel nokon våga ved han at han ikkje greidde å løyse Gamlin. Jau, han løyste han, og Gamlin kom som eit sterkt ver, og han Per laut ta hyven, og Styggen etter. Det var noko kjerr der, og det bar gjennom dessa så kvisten' dreiv. Han Per flaug og skreik, og prøvde å krokspringe han, men hin var i hælom hans att, og det er ikkje godt å seia korleis dette badde gått. Men til all lykke var han Frek Rindal der, og han fekk tak i svartboki, og da var det ikkje lenge før Styggen var bunden att. Men da var han Per mest klar.
Informasjonom sagnet og kilden