Tilbake

Utbygdingsbudeia som drap tre røvarar på Breiestølo.

NORSK ORIGINAL

Utbygdingsbudeia som drap tre røvarar på Breiestølo. Burti Etnedals-fjelli er det tre store stølar dei kallar Breie-stølat'n. Dei ligg tett ved Torpa-eiga, i ei hall ved Svartvatnet. Ein sumar for lenge sidan kom det tre kløvhestar med karar innpå trø-i på Breie-stølo. Karane vilde ha smør og ost, let dei. Den tid var det utbygdings-budeior på Breie-stølo. Budeia karane tala ved, sa at ho skulde burt eit lite snøggærend. Dei fekk vente til ho kom att. Ho vart ikkje lenge, let ho. So sprang ho burt på grannestølen. Då ho kom der, fekk ho sjå at budeia der var bakbundi og mishandla. Ho skyna då kva karar ho hadde fått i huset. Men ho var ikkje redd, utbygdings-rugga, skal du høyre. Ho gjekk heimpå stølen att, slik som ho hadde sagt til karane. Der hadde ho sett på ei svær bresting. Ho hadde sikkert 40 kyr, måta. No gjorde ho seg til vens med karane og baud dei mat og drikke. Dette sette ho på ein krakk like ved gruva. Medan ho rørde i brestegryta, so tok ho ei ause av den kokheite mysa og skvette ho beint i fjæset på karane, so alle tre vart blinda. Deretter slo ho dei i hel. Ho brukte den store hølausa si til våpen. Dei sa at det låg att skaftet av denne ausa lenge der på Breie-stølo til eit minne um denne stygge hendingi. Alle tre røvarane vart gravlagde nedan sætri. Gravene syner endå. Det skal ikkje ha vakse gras på den staden desse røvarane vart nedgravne, er det sagt. Eg var der ein gong, og då såg eg at det var sant, dette.
Informasjonom sagnet og kilden