Tilbake

Skattegraving

NORSK ORIGINAL

Skattegraving. Dei hadde full fare med slikt her i Trysil og; men eg har alder set det har vorte noko ut taa det. Det var eit par karar som grov i ein haug her ei jonsoknatt; men det var eit evig spetakel det gut, det dei fekk sjaa. Ved midnattesleite kom det ei svart høne som rende paa skeisor. Dette gav dei seg ikkje for, berre dreiv paa like- vel so sveiten rann, og so vart no denne høna burte att. Og in- gen sa noko, berre grov og grov, til dei fekk i eit par digre horn som kom fram tur svarte jorda. Og dei grov like godt, til dei hadde hovudet taa ein diger okse stikkande fram. Daa saag dei paa kvarandre, og visste ikkje kva dei skulde, anten slutta eller driva paa. Men daa dei so likevel vilde til aa grava att, tok dette hovudet til aa rengja med augo og skapa seg so stygt, dei vaaga ikkje meir, men gjekk med det som var. Det skal vera ein skatt i berget nordan med Grøndalen segjer dei. Det var no eit par karar som laag der paa hogging ein gong som prøvde seg. Dei vilde no sjaa, um det var noko, og drog paa ein dag. Men dei hadde ikkje grave lenge fyrr det kom ein svart hund so uskafteleg diger og stelte seg til midt framfor deim. Han søkte og skapa seg so stygt, dei vart redde og gav seg derifraa so fort dei kunde. Sidan er det no ingen som har grave der.
Informasjonom sagnet og kilden