Tilbake
Sitering
Kort referanse
Norske sagn, ID 54083. https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=54083
Utvidet referanse
Norske sagn, ID 54083. ML category: ml8010 (Skattegraving). Collector: Lars M. Fjellstad. Place: Eidskog. County: Hedmark. Archive signature: NFL 98, s. 30. Digital source: https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=54083 Explorer record: https://ul-dhc.github.io/norwegian-folk-legends/legends/54083/
Uten tittel
NORSK ORIGINAL
Det var ein kar som var av stad tri torsdagskveldar etter
kvarandre. Som han sto og grov der den tridje kvelden, så
kom han på horna til ein stor okse. Mannen la grevet og greip
med eitt i horna, som han strast etter tykte vart til øyro på
ein kjel, som var full av skinande mynt. - Som han sto der
og sleit med denne tunge kjelen, så visste han ikkje av før enn
ei lang rekkje med svarte og blanke hestar gjekk framom. Og
på kvar hest sat det ein ridar i full rustning. Om litt sette alle
hestane av stad i kvassaste tråv. Eit godt stykke etter alle
desse hestane kom det ei gamal kjerring som sat og nugga seg
fram i ei nøle.
- Je tar nukk att dom- Je tar nukk att dom! - skreik kjer-
ringa og snudde andletet mot skattegravaren.
- Neimen om du gjer! ropte denne. Med det same vart alt
borte, - ja pengekjelen med.