Tilbake
Sitering
Kort referanse
Skattegraving. Norske sagn, ID 54081. https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=54081
Utvidet referanse
Skattegraving. Norske sagn, ID 54081. ML category: ml8010 (Skattegraving). Collector: Anton Røstad. Place: Verdal. County: Nord-Trøndelag. Archive signature: NFL 25, s. 38f. Digital source: https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=54081 Explorer record: https://ul-dhc.github.io/norwegian-folk-legends/legends/54081/
Skattegraving
NORSK ORIGINAL
Skattegraving.
Ein mann dreiv på og grov etter ein skatt burte i ein haug.
Han grov tri torsdagskveldar på rad, og den tridje kvelden
hadde han kome heilt ned på øyro på ein koparkjel.
Då kom det ein ridar som reid so fort, og han helsa: "Velsign
arbeidet," med det same han reid forbi. Men han som grov,
hadde høyrt at skulde det gå godt, måtte han korkje snakka
eller le eller gråta; for då kom skatten burt for 'åm. Difor svara
han ingen ting, men dreiv berre på og grov.
Straks etter kom det ei kjerring, krokut og halt var ho, og
ho spurde: "Har du set nokon ridar?" Men han sa ingen ting.
"Trur du eg tek han att?" spurde ho so. Men det hadde vore
so komisk å tenkja på at den gamle kjerringa skulde kunna ta
att nokon ridar som reid so fort, at han vann ikkje halda seg.
Og det small utav han: "Nei, pinade um du gjer." Men då
ramla kjelen og vart burte.
På By var det mange runde haugar som såg ut som grav-
haugar. Sagnet segjer at på Byajorda ligg skatten for heile
Verdal nedgraven. Ein gamal husmann på By dreiv og skulde
grava etter skatten. Han grov tri torsdagskveldar på rad.
Då kom han ned på ei steinhylle. Sidan grov han atter ein
gong; men då var ho burte. Ein gong hadde han set lynet slå
ned i ein tå gravhaugane. Då visste han med ein gong at der
låg skatten. "Han hadde set drakkjin slo ned i haugen."
Ordet "drakkji" vart mykje brukt.