Tilbake

Han pløgde med hanen

NORSK ORIGINAL

Han pløgde med hanen. Når dei i gamle dagar skulle gøyma skattane sine så ingen skulle finna dei, så sette dei dei ned med trolldom. Og sa dei skulle liggja der til dei sjølve kom og henta dei att. Ei kjerring som skulle gøyma pengane sine, grov dei ned og las over dei: No ikkje opp att før dei pløyer med hanen og harvar med høna. Ein smågut hadde lura seg til å høyra og sjå på. Han tok og laga seg ein liten plog til hanen og ei lita harv til høna, og gjekk i gang med å leita opp pengane. Og han fann dei og fekk dei fram òg.
Informasjonom sagnet og kilden