Tilbake
Sitering
Kort referanse
Skattegraving. Norske sagn, ID 54085. https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=54085
Utvidet referanse
Skattegraving. Norske sagn, ID 54085. ML category: ml8010 (Skattegraving). Collector: Andreas Mørch. Place: Sigdal. County: Buskerud. Archive signature: NFL 27, s. 74f. Digital source: https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=54085 Explorer record: https://ul-dhc.github.io/norwegian-folk-legends/legends/54085/
Skattegraving
NORSK ORIGINAL
Skattegraving.
Somme stader vart det grøvi ned skattar. I Meddalen var
det grøvi ned ein skatt. Det skulde vøri et gammalt pengeskrin.
Det skulde vøri ein eller et par karar der som var så kløktige.
Døm grov det ned så døm skulde ha til døm stod opp att 'tå
det døde.
Når ein skulde grava etter skattar, måtte ein ikkje snakke.
Det var på ein gard der det var ein haug. I denna haugen
var det ein skatt, ein kjel full tå gull og sølv.
Så var det to karar som la til å grava. Døm grov lenge,
og tagde still. Om ei stund kom døm ned på kjelen og fekk
sjå i'n. Han var full tå pengar, men ingen sa noko.
Da kom det ein følkevond stut og vilde ta døm. Karane
måtte stad og jaga'n. Og så snakka døm. Da døm kom bort-
med og skulde ta opp kjelen, var det borte alt samma. Det
var bare haugen att.
Det skulde koma slik ein stut støtt når døm grov etter skat-
tar. Hadde karane røki på stuten og høldi'n, hadde døm hatt
skatten.