Tilbake
Sitering
Kort referanse
NEDGRAVEN MIDEL. Norske sagn, ID 54075. https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=54075
Utvidet referanse
NEDGRAVEN MIDEL. Norske sagn, ID 54075. ML category: ml8010 (Skattegraving). Collector: Peter Lunde. Place: Eiken. County: Vest-Agder. Archive signature: NFL 6, s. 140f. Digital source: https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=54075 Explorer record: https://ul-dhc.github.io/norwegian-folk-legends/legends/54075/
NEDGRAVEN MIDEL
NORSK ORIGINAL
NEDGRAVEN MIDEL.
I Bôningshauen paa Bryggjesaak skulde ein stor midel vera
nedgraven. Der var nokre menner som freista aa grava
upp. Dei maatte ikkje tala under arbeidet.
Daa dei var i ferd med gravingi kom det fyrst éin spreng-
ridande framum der dei var. So kom ei kjerring som ôk
i eit trog.
Eg ska nok staa deg att! sa ho.
Dei berre grov og ikkje svara. Dei var komne so langt ned
i haugen, at dei saag ein stor kjele, det var i den midelen var.
Men nett som dei vilde taka han upp, saag dei husi heime
stod i loge, og daa sprang dei heim og vilde sløkkja.
Daa dei kom heim, fanst der ikkje eld. Dei høyrde kjelen
skramla i Mòsarupsæ paa hi sida av aanæ, og sidan hev in-
en korkje høyrt eller set han.