Tilbake
Sitering
Kort referanse
Skatten på Jennset. Norske sagn, ID 54095. https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=54095
Utvidet referanse
Skatten på Jennset. Norske sagn, ID 54095. ML category: ml8010 (Skattegraving). Collector: Olav Rekdal. Place: Romsdal. County: Møre og Romsdal. Archive signature: NFL 30, s. 126f. Digital source: https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=54095 Explorer record: https://ul-dhc.github.io/norwegian-folk-legends/legends/54095/
Skatten på Jennset
NORSK ORIGINAL
Skatten på Jennset.
Neda'i husom på Stor-Jennset er der ei lita fløt, og der låg det ei stor steinrøys før. Og i den røysa skulde det liggje nedgraven ein skatt.
Han Gamle-Hans Jennset låg oftå og grov neri 'sa røysen, for å finne ti skatten. Og han var komen langt neri ho. Men so var det ein dag han heldt på grov der, at det kom eitkvart over han – han hivte grevet og la på tan framgjenom dalen, som ein galen.
Folket på garden såg detta. Og då han ikkje kom att, so skulde dei stad leite etter 'nå. – No er der eit vatn frammi dalen der, og i vatnet er der eit nes, som stikk borti. Der på neset fann dei trøya og hatten hans – dei hekk på ein staur. Der hadde han sprunge beint på vatnet og drukna seg.