Tilbake
Sitering
Kort referanse
Skatten oppfor Ulvika. Norske sagn, ID 54099. https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=54099
Utvidet referanse
Skatten oppfor Ulvika. Norske sagn, ID 54099. ML category: ml8010 (Skattegraving). Collector: Olav Rekdal. Place: Aukra. County: Møre og Romsdal. Archive signature: NFL 30, s. 125f. Digital source: https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=54099 Explorer record: https://ul-dhc.github.io/norwegian-folk-legends/legends/54099/
Skatten oppfor Ulvika
NORSK ORIGINAL
Skatten oppfor Ulvika
Oppfor Ulvika på Otrøya skal liggje nedgraven ein skatt.
Ein gong hadde to karar funne ti'n. Dei var komne solangt som nedpå krukka. Men då såg dei det stod ljoset ti neri garden, og so la dei te ned for å sløkkje. Men når dei kom nedover eit stykke, såg dei ikkje meir att tå branden. Og når dei då kom opp igjen og skulde ta skatten, fann dei han ikkje att.
Ein annan gong var det au nokon som hadde funne ti skatten. Men med dei heldt på skulde få han opp, kom det eit lite kje (kid) brektandes og narra dei til å fylgje etter seg. Og so miste dei au skatten.