Tilbake
Sitering
Kort referanse
Ødde-guten i Skrautvøl som fann skatten. Norske sagn, ID 54098. https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=54098
Utvidet referanse
Ødde-guten i Skrautvøl som fann skatten. Norske sagn, ID 54098. ML category: ml8010 (Skattegraving). Informant: Ragndi Bjørnsdotter Røllong f. 1863. Collector: Knut Hermundstad. Place: Nord-Aurdal. County: Oppland. Archive signature: NFL 75, s. 40. Digital source: https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=54098 Explorer record: https://ul-dhc.github.io/norwegian-folk-legends/legends/54098/
Ødde-guten i Skrautvøl som fann skatten
NORSK ORIGINAL
Ødde-guten i Skrautvøl som fann skatten.
Det var i gamal tid ein som dei kalla Ødde-guten burt
i Skrautvøl. Ei jonsoknatt fekk han sjå eit lyse som
slo ned i ein haug. Han tok til å grava ut haugen same
natti. Det er sagt at han fekk med seg mor si. Han
hadde høyrt at der eit slikt lyse slo ned, der var det
ein skatt.
Då han og mori hadde grave ei stund, der visste dei
ikkje ordet av før det kom ei gamal kjerring akande um
dei i eit trog. Ho sat og leda seg av og til. Det var so-
leis ho kom fram. Og alt i eitt sa ho:
"E når de vel!
E når de vel!"
Kjerringi i troget vilde vel narre guten til å prata,
for tala han, nytta det ikkje å grava lenger. Men Ødde-
guten heldt seg, han. Og difor fann han visst skatten i
skrinet. Det er i vissa sagt at guten etter denne jonsok-
natti vart ein velståande kar. Ja, so sa han far.