Tilbake

Uten tittel

NORSK ORIGINAL

Når det lyste ein blå ljoske ein sta'n, skulle det vera eit merke på at det var nedgravi sylv der. Og slike nedgravne skat- tar kunne ein få tak i når ein grov ei jonsoknatt. Det var ein som heitte Ola Erikstugun som låg etter å finne slikt. Oppi Storkroka ovafor Gutu skulle det vore nedgravi ei kiste med sylvskilling. Den sylvkista var han Ola ute etter kvar jonsokkveld. Så var det ein slik kveld han fekk sjå ein blå lågå oppi der, og han kasta med ein gong stål over det. Da vart det ikkje borte att for 'om. Han tok til å grava, og kom så langt at han kjende kista med hakkun. Han hadde med seg ein annan kar au, denna kvelden, men han hadde lagt seg til å sova. Da han Ola skjøna det var kista han hadde kome innpå, tykte han at han laut vekkje den andre med, så dei vart to om å ta ho opp. Men så var det om å gjera at ingen av dei tala, og han Ola gjekk sta' og berre ruska lite i den andre så han vakna. Men denne forgløymde seg, han, og før han hadde årekt seg skikkeleg og var fullt vaken, sa han: "Nei, er du ute så tidleg på morgon, du au, Ola?" Men dermed var det ikkje nokor kiste å finne meir den gongen. Det var borte att alt i hop. Kor mykje han streva sia, fekk han aldri tak i kista att, og ho ligg nå sakte der ennå, kan eg tenkje meg.
Informasjonom sagnet og kilden