Tilbake
Sitering
Kort referanse
Norske sagn, ID 54107. https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=54107
Utvidet referanse
Norske sagn, ID 54107. ML category: ml8010 (Skattegraving). Collector: Johan Skrindsrud. Place: Etnedal. County: Oppland. Archive signature: NFL 77, s.94f. Digital source: https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=54107 Explorer record: https://ul-dhc.github.io/norwegian-folk-legends/legends/54107/
Uten tittel
NORSK ORIGINAL
I eldgamal tid var det kongar både i Valdres og Dølo,
og så bar det til at ein dag kom kongen i Dølo ridande
over fjellet; no ville han ta Valdreskongen. Dette vart
spurt, og Valdreskongen la seg difor til inne i tjukke sko-
gen ved Tøfstølhøvdaet, og låg der og venta. Jau, Døla-
kongen kom, det vart slag og dølane tapte, og i full her-
bunad vart den drepne Dølakongen hauglagd der nede
under fjellet. Eit pengeskrin med henka på vart sett inn i
haugen til honom.
Det skulle vori den siste kongen i Valdres som førde
denne striden.
Mykje seinare i tidi var det ein mann i Hagaset som
esla seg til å finne dette skrinet som skulle vera i kongs-
haugen, og ei trollkunnig kjerring sa då til honom føre-
åt at han ikkje skulle seia eit halvdregi ord med han grov.
Og jonsokeftan laut det vera, etter sogglad.
Han gjorde som kjerringi sa, og med han står og grev
i si einvørdlegheit, kjem det ein mann køyrande i ein
akarslede; han køyrer på tådn så eldspruten står etter
meio, men han som grev, lest ikkje sjå honom eingong;
han berre grev på, han, og mannen kverv for synet.
Han er ikkje vel borte, der kjem det ei gamal kjerring
akan i eit trøg, og det går ikkje fullt så rade med henne,
og alt i eitt mullar ho ved seg sjølv: "Tru e når att han so
kjørde? Tru e når att han so kjørde?" "Du ser ut so, du,"
seier han som grev; men då var det slutt med gravingi
denne gongen; no hadde han prata.
Men næste jonsokeftan drog han av garde att, og no lova
han seg sjølv at no ville han halde kjeften sin, no ville
han berre grava. Men - der stod det ein skyttar og sikta
så kaldsleg på honom med ei børse? Likevel heldt han på
grov. Då med eitt kvarv skyttaren, men då tok det til å
baule så illherveleg oppe i fjellet. Det dunde i jordi; ein
diger ukse stod stanga og grov ut store steinblokker så
jordi fauk, og det såg ut til dei skulle rulle beint på han
som grov, men han berre nåva på med sitt, han.
Då kom uksen farande mot honom, og det såg ut som
han ville setja horni i magen på honom, men då fekk man-
nen tak i dei og heldt på svarte livet, og då han såg til,
var det i henko på skrinet han heldt.
Det er ein liten rund haug under Tøfstølhøvdaet som
det er gravi i.