Tilbake

Trondarnes-kyrkja

NORSK ORIGINAL

Trondarnes-kyrkja. Det var eingong ein prest på Trondarnes som vilde ha ei gasta kyrkja bygd. Ho skulde vera mykje større og finare enn alle dei hine kyrkjone der i kring. Men då han skulde byggja denne kyrkja, var det ingen som vilde ta på seg så vandt eit arbeid. Så ein dag kom det fire mann inn på kontoret til presten. "Vi skal byggja kyrkja di!" sa dei. "Kva skal de ha for det?" spurde presten. "For det skal vi ha sol og måne og tolv stjernor," sa dei. "Men kann du ikkje gje oss det, når vi er ferdige, så må du gjeta namna våre." "Berre ta til!" sa presten. Dei fire mennene så gjorde, dei tok til. Det var som kyrkja flaug upp i veret med syller og suler, og med murar og vegger. Fyrr folk visste av det, låg taket på. Så fin ei kyrkja hadde ingen set. Så kom bygningsmennene til presten. "No er kyrkja ferdig," sa dei. "Nei," sa presten. "Fyrst lyt de byggja tårn på. Og dei skal vera både fine og høge." Bygningsmennene for til kyrkja att. Men no vart presten fælen. Korleis skulde han koma seg ifrå desse fårlege mennene? Med' han no gjekk og tenkte på dette seint og tidleg, kom han ei natt til å gå framum ein stor stein som ligg der på garden. Då høyrde han eit barnemål som sangla og gret under steinen. Han stansa og lydde. Best som det var, fekk han høyra ei som song så fagert under jorda: "Sulle, lulle litle Rolv Kyrkja står ferdig med vegger og golv. Imorgo kjem Vislon, Vaslon, Virlon, Valon med sol og måne og stjernor tolv." No vart presten glad. No visste han kva bygningsmennene heitte. Så gjekk han heim. Då han var komen mesta åt kyrkja, møtte han mennene. "No skal vi ha løna," sa dei. "Nei ikkje enno," sa presten. "Tårnspirene står skeive. Upp og retta dei!" Bygningsmennene for som ein vind uppetter veggen. Presten stod nede og sikta. "No er dei beine!" sa dei. Idet same kom morgonen. "Vislon, Vaslon, Virlon, Valon. Sjå dagen renn inn med fjella!" ropa presten. Då datt dei daude ned alle fire. Men kyrkja stod ferdig.
Informasjonom sagnet og kilden