Tilbake

Kyrkja

NORSK ORIGINAL

Kyrkja. Kviknekyrkja, som no staar, er bygd 1652. Fyrr stod der ei stavkyrkje; men den var so gamall ho mest heldt paa aa detta ned. So skulde dei byggja ei ny, og denne vart knept ein 2-300 meter unda, i Gardslia. Men daa fyste kvarvet var lagt kom smaatussane og flutte tømmeret attende dit, der gamlekyrkja stod, og um morgonen kom daa presten, som daa budde paa Veen, og sa dei maatte ikkje staa imot Guds vilje. So vart daa den nye kyrkja bygd der den gamle var. Men sidan vart det uvenskap millom øverbygdingane og nerbygdingane, for det var mange som heldt paa at det var folk som hadde vore smaatussar um natta.
Informasjonom sagnet og kilden