Tilbake
Sitering
Kort referanse
Norske sagn, ID 54117. https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=54117
Utvidet referanse
Norske sagn, ID 54117. ML category: ml7065 (Kirkebyggeren (Finnsagnet)). Collector: Peter Lunde. Place: Søgne. County: Vest-Agder. Year: 1919. Archive signature: NFS Peter Lunde 2b, s. 203f. Digital source: https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=54117 Explorer record: https://ul-dhc.github.io/norwegian-folk-legends/legends/54117/
Uten tittel
NORSK ORIGINAL
Ein stad dei skulde hava ny kyrkja, kom det ein framandkar og tok paa seg byggjingi, paa det vilkaaret at dersom dei ikkje kunde gissa namnet hans fyrr han var ferdig, so skulde han faa sol eller maane eller ein prest.
Daa det leid paa slutten med arbeidet, gjekk presten framum ein haug (eller eit fjell), det var burtimot kvelden. Daa høyrde han eit barn som tok til aa graata innanfor, og mori song for det:
Byss, byss baane!
I kvell komme Figgo-far
heim me sol ell' maane
ell' ausso en prest.
Daa skunda presten seg til kyrkja, der byggjaren heldt paa med den siste steinen. – "No arbei Figgo paa den siste steinen!" ropte han. Daa kasta byggjaren steinen etter presten, men han trefte ikkje. Og so datt han ned fraa taarnet, daud.