Tilbake
Sitering
Kort referanse
Heddals kyrkje. Norske sagn, ID 54127. https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=54127
Utvidet referanse
Heddals kyrkje. Norske sagn, ID 54127. ML category: ml7065 (Kirkebyggeren (Finnsagnet)). Collector: Olav Nordbø. Place: Bø. County: Telemark. Archive signature: NFL 56, s. 37. Digital source: https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=54127 Explorer record: https://ul-dhc.github.io/norwegian-folk-legends/legends/54127/
Heddals kyrkje
NORSK ORIGINAL
Heddals kyrkje
Olav den Hellige hadde gjort ei avtale med ein byggmeister
som skulde setja opp Heddals kyrkje.
Byggmeisteren skulde prøve å få kyrkja ferdig på tri jam-
døger. Kunde Olav innan den tid gjeta navnet hans, skulde
byggmeisteren ingen ting ha for arbeidet, men greidde Olav
ikkje, skulde han misse livet. Dei tri dagane var mest til ende
og kyrkja var mest ferdig. Olav gjekk og vreid seg og ottas
for det som koma skulde.
Da gjekk han ein dag forbi eit berg som heitte Sveinetrå-
berget. Da høyrde han det byssa eit bån inn i berget og song:
"Bi, bi båne,
imorgo kjem Finn far din
mæ sol å mæ måne
å hjarteblo' te båne."
Olav skulde ta mot kyrkja: "Men, du Finn, tårnet æ skakt,
dæ hallar mot su," sa han. Da rømde trollet - fyrst til Res-
hjem, til Rognefjellet, der ser dei profilen. Sidan rømde det
til Bløya i Heksfjell.