Tilbake
Sitering
Kort referanse
Huldermannen, som bygde domkyrkja. Norske sagn, ID 54131. https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=54131
Utvidet referanse
Huldermannen, som bygde domkyrkja. Norske sagn, ID 54131. ML category: ml7065 (Kirkebyggeren (Finnsagnet)). Collector: Knut Strompdal. Place: Vefsn. County: Nordland. Archive signature: NFL 40, s.9f. Digital source: https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=54131 Explorer record: https://ul-dhc.github.io/norwegian-folk-legends/legends/54131/
Huldermannen, som bygde domkyrkja
NORSK ORIGINAL
Huldermannen, som bygde domkyrkja.
Domkyrkja i Trondheim skal vera bygd av ein huldermann.
Det var ein byggmeister, som hadde teke på seg arbeidet, og
han hadde lovt kongen å ha kyrkja ferdig til ei viss tid. Ettter-
på at han hadde fått arbeidet, så tykte han nok han hadde vore
vel raus til å lova, for å byggja ei slik kyrkja var ikkje gjort
i ei bråvenda. Og neimen om det såg ljost ut for byggmeisteren
ei tid, for kongen var brå med å få domkyrkja bygd, og vart
ho ikkje ferdig til fastsett tid, så vilde harmen til kongen gå ut
over byggmeisteren. Men så var byggmeisteren så heppen, at
han fekk ein huldermann til å hjelpa seg. Rett nok var prisen
dryg, han skulde anten finna ut kva huldermannen heitte eller
og skaffa honom ned sol og måne, når dei var ferdig med
arbeidet. Men byggmeisteren tenkte, at kjem tid kjem råd, og
så dreiv dei på med arbeidet. Og den nye arbeidaren var kar
som fekk arbeidet til å ganga frå handa det, det eine omfaret
kom ovanpå det andre mest før byggmeisteren visste ord av det.
Og lenge varde det då heller ikkje før domkyrkja byrja å reise
seg i heile si glans. Men den som byrja bli noko ottesam det
var byggmeisteren. Kyrkja var mest ferdig og endå hadde han
ikkje fått lura ut av arbeidaren sin kva denne heitte, og ikkje
såg det ut for, at han skulde greida det heller. Men så ein
dag han var ute i skogen og gjekk og dreiv og spekulera på
kva han no skulde gripa til med, så fekk han høyra det song
inne i ein haug:
Sullan sullan liten hind,
Finslin heiter faren din,
imårrå kjem han heimatt til bonnan sin
med både sol og måne.
Det var hulderkona, som song til barnet sitt. Då vart bygg-
meisteren glad då han høyrde det, for no skyna han både kva kar
han hadde i arbeid og kva namn han hadde. Hulderman-
nen helt nettop på med å få opp mønsåsen, då byggmeisteren
kom attende. Byggmeisteren stod litt og såg på, så ropa han opp:
Det er arbeidt nok no, Finslin, det er betre du sluttar no. Då
huldermannen høyrde at den andre hadde fått vita namnet hans,
då vart han så forskremd, at han datt ned og slo seg ihel.