Tilbake
Sitering
Kort referanse
Sigg. Norske sagn, ID 54134. https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=54134
Utvidet referanse
Sigg. Norske sagn, ID 54134. ML category: ml7065 (Kirkebyggeren (Finnsagnet)). Collector: Torkell Mauland. Place: Skudenes. County: Rogaland. Archive signature: NFL 26, s. 39f. Digital source: https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=54134 Explorer record: https://ul-dhc.github.io/norwegian-folk-legends/legends/54134/
Sigg
NORSK ORIGINAL
Sigg.
Daa kong Olav var ute og kristna landet, var han og paa
Karmøy og lærde folket Guds-ord. Fyrr han fór derifraa,
vilde han byggja ei kyrkja paa Avaldsnes. Det skulde vera ei
steinkyrkja med taarn. Daa dei so tok til aa byggja, gjekk det
ikkje so fort som kongen vilde. So kom det til honom eit troll
som budde i ein haug attmed Blodteigen. Trollet baud seg til
aa setja upp kyrja med taarn og alt som til skulde, paa ei
vika; men daa laut han hava sol og maane i løn, eller og kon-
gen sjølv. Dette lova kongen; for han tenkte at ingen kunde
byggja ei kyrkja so fort. So tok trollet til aa byggja.
Det gjekk so fort at ingen skulde trutt det. Fredag var det
so langt kome at kyrkja laut verta ferdug til sundag, det kunde
ingen tvila paa. Daa visste Heilag-Olav ikkje si arme raad;
sol og maane kunde han ikkje faa tak i, og sjølv hadde han
ingen hug paa aa selja seg til eit troll. Men ein ting visste
han, at kunde han faa vita namn paa trollet, so var han berga;
for naar troll høyrer namnet sitt nemnt av kristenfolk, so
sprikk dei. Men kor skulde han faa vita namnet? Han var i
større vande en han nokor tid hadde vore.
Um fredags-kvelden gjekk han ut og var full av tunge tan-
kar. Rett som det var kom han burt til haugarne ved Blod-
teigen. Han var trøytt og tung i hugen, og so sette han seg
til aa kvila paa ein av haugarne. Daa fekk han høyra eitkvart
som song. Det var ei kjerring som heldt paa svæva barnet sitt
inne i haugen. Kongen lagde øyra til, og daa kunde han greidt
skilja desse ordi:
"Byssa, lulla, liten kinn!
i morgo kjem Sigg, faren din,
med sol og maane til barnet."
Den som vart glad, var kongen; han reis upp med ein gong
og gjekk heim atter.
Daa laurdagen kom, stod kyrkja fullt ferdug med taarn og
alle gode greidor; jutulen heldt paa med kupulsteinen. Kongen
stod og saag paa, og best som det var, ropte han upp:
"Agta deg, Sigg!
eg trur snaudt den siste steinen ligg."
Med same stupa trollet ned, so hardt at heile hovudet seig
ned i moldi attmed kyrkjeveggen. Han vart til ein stein, og
der attmed kyrkjeveggen stend han den dag i dag.