Tilbake
Sitering
Kort referanse
Norske sagn, ID 54020. https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=54020
Utvidet referanse
Norske sagn, ID 54020. ML category: ml7070 (Kirkeklokker). Collector: Lars M. Fjellstad. Place: Eidskog. County: Hedmark. Archive signature: NFL 98, s. 15f. Digital source: https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=54020 Explorer record: https://ul-dhc.github.io/norwegian-folk-legends/legends/54020/
Uten tittel
NORSK ORIGINAL
Det fortelst at da Matrand-kjerka var ferdig, så var det tinga to gilde
klokker til ho, men det var berre den eine av desse som kom fram.
Den andre gjekk til botnar i Jerntjenne. Isen var for dårleg, sleden med
klokka bar gjenom. Og etter dette fekk tjernet namnet Jern-
tjenne eller Klokketjenne.
Det var ei vise om denne hendinga, og i denne visa sto det
at klokka i Matrandkjerka song:
Maken min ligger paa Jerntjernets bund.
Fleire har freista få denne klokka oppatt, men det har ennå
ikkje lukkast. Einast kan vera at sju brør freistar, men da lyt
dei vera samsyskne - det vil seie at dei må ha same mor
og far. Og under arbeidet må dei ikkje snakka, le eller gråte.
Men sju slike brør er det ikkje så godt om, veit du.