Tilbake

Uten tittel

NORSK ORIGINAL

Huldrene var haghendte òg, og hadde godt lag med alle slags gjeremål. Det skal vera ein huldermann som har bygt Nidaros- domen, og han lova at han sku gjera verket for inkjevetta so framt St. Olav kunde gjeta namnet hans. Elles hadde han rett på kongen med både hud og hår. Då det leid med arbeidet, gjekk kongen ute på marki i djupe tankar og grunda på kva byggmeisteren munde heita; men all tenkjing tottest vera fåfengd. Som han skreid framum ein haug, høyrde han barnegråt. "Teg no, dræn'gjen min," sa det, "i maoro ti'læ kje'mu Verfloy, far din, mæ St. Ola å so'læ!" Då kongen kom attende, var huldermannen um lag ferdig med byggverket: han heldt på og sette knappen på tårnet. Steig han so ned, og der stod St. Olav. "Kurlais likar kungjen hu'se?" spurde han. "Godt," svara kongen "no ska Verfloy ha takk!" Med same vart huldermannen te stein.
Informasjonom sagnet og kilden