Tilbake

Uten tittel

NORSK ORIGINAL

St. Olav ville bygge kyrkje i Seljord. Han gjekk og grunna på dette. Da kom det ein mann til hono og sa: "Kan du gjeta på hott eg heitar, ska eg byggja kyrkje på tri dagar; men kan du ikkje gjeta dæ, ska eg ha hue ditt." Ja, Olav gjekk med på det. Kyrkjearbeidet gjekk fort fram. Kyrkja vaks i veret. Olav var i vanskar og våndo. Ein dag gjekk han forbi prestegarden og bort under Skorve. Da høyrde han det sang inne i berget: "Sov nå vesle båne, imorge kjem Vindfall, far din, mæ leikur te båne." Da gjekk Olav attende. Da han kom til kyrkja, stod tussen og skulle setta spiren på kyrkja. "Lenger mot øst, Vindfall," sa Olav. Da datt tusse- byggmeisteren baklenges ned frå tårne og slo seg i hel. Det er ein flekk der som det aller veks gras på. Der er au innmura ein stein i kyrkjemuren som syner kor høg Olav har vore.
Informasjonom sagnet og kilden