Tilbake

Hellig Olav og trollet

NORSK ORIGINAL

Hellig Olav og trollet. Ein gong skulle Hellig Olav byggja ei kjerke på nokre få dagar, og dersom han ikkje makta dette, så skulle han misse sonen sin. Da kom det eit troll til han og sa at det ville sette opp denne kjerka til rett tid. Men dette trollet kravde at kong Olav skulle gissa namnet til det, eller å gi det sol og måne - eller sonen sin. Kongen gjekk med på dette. Arbeidet gjekk meir enn snøgt frå hand. Men Olav tok til å tykkja synd i sol og måne. Og enda verre ville det bli om han laut ut med sonen sin. Kongen gjekk og tenkte og tenkte på dette. Åssen skulle han få vita namnet på trollet? Kvelden før kjerka skulle stå ferdig, gjekk kongen ut og kom til eit fjell. Inne i dette fjellet budde det ei trollkjerring, og kong Olav fekk høyra at ho song for den survutte ungen sin: Tegj tegj, tullen min. I morgon kjem Arnfinn, far din - - anten med sol og måne, eller sonen til Olav den vene. Da vart kong Olav meir enn glad. Næste dagen gjekk han til trollet, som nå dreiv med å setja opp kjerkespiren. Da ropte kongen opp til byggmeisteren: - Nå er det nok, Arnfinn! Da ramla trollet ned og slo seg i hel med det same.
Informasjonom sagnet og kilden