Tilbake

Djevelen i reveham.

NORSK ORIGINAL

Djevelen i reveham. For ei tid sidan var det ein flokk tamreinsgjetarar, som sat kveld etter kveld og fyllte seg og spelte kort på pengar, spelte grovt kortspel med mykje pengar som innskot. Det var mykje banning, slag i bordet og leven. Ei natt dei sat som likast og dunka og spelte att, kom det brått ein raudrev inn åt glaset til romet dei sat i, og la labbane inn på ruta. Der stod han og såg på dei som inne var. Då kortspelarane vart vare dette, skal eg seia deg det vart slutt med kortspelet og drikkingi! Dei kasta kortstokken og balla seg til sengs og det fort! Det dei hadde sett, laut vera sjølve djevelen i reveham, meinte dei. Det var stor synd å sitja slik å fylle seg og spela kort på pengar. Stundom kom det jamvel blod på korti når dei spelte!
Informasjonom sagnet og kilden