Tilbake
Sitering
Kort referanse
Gullringhola. Norske sagn, ID 54139. https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=54139
Utvidet referanse
Gullringhola. Norske sagn, ID 54139. ML category: ml8005 (Hjem til konas bryllup). Collector: Olav Rekdal. Place: Tresfjord. County: Møre og Romsdal. Archive signature: NFL 30, s. 142f. Digital source: https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=54139 Explorer record: https://ul-dhc.github.io/norwegian-folk-legends/legends/54139/
Gullringhola
NORSK ORIGINAL
Gullringhola
Set heitte han som rudde garden Setre i Tresfjord. Når
han gav frå seg, fekk tvo tå sonom kvar sin halvpart tå
garden, men tredje sonen, som heitte Sakse, rudde seg eit
bruk i Sakselia, ovanfor Setre.
Han Sakse var forlova, og skulde snart gifte seg. Men
so vart han utkommandert i krigen. Og han vart so lenge
vekk, at dei hadde syrgt han ut heime. - Når han endeleg
kom heim att då, so var ho gift med ein annan, ho han
skulde ha.
Då han Sakse var heimkomen, og hadde fått høyrt om
dette, gjekk han oppover åt Sakselia, og gjekk og såg på
alt det han hadde gjort der. So gjekk han derifrå og bort-
over åt Sakselifossen. Der tok han forlovelsesringen tå
seg og kasta han nedi ei hole ti berget der, som sidan hev
vorte heitande Gullringhola. - So bykste han sjølv på
fossen og gjekk te der.